La Voix Humaine - Menneskerøysta av Francis Poulenc

«Eg har ikkje røysta til ei kvinne som har noko å gøyme»
*
Menneskerøysta (La Voix humaine) er ein opera i ei akt, komponert av Francis Poulenc i 1958. Verket er basert på monologen med same namn av Jean Cocteau. Gjennom heile stykket er hovudpersonen utan namn, her portrettert av Marianne Folkestad Jahren, i telefonen med den ho elskar. Med ulike strategiar kjempar ho gjennom heile stykket ein kamp for å unngå det ho fryktar aller mest - å bli forlaten. Menneskerøysta gjev ei teatral og musikalsk undersøking sett gjennom eit menneske som slit etter eit vanskeleg brot med den ho er aller nærast. Framsyninga minner oss om kor viktig kommunikasjon er, som her er ein skjebnens ironi sidan kommunikasjonen skjer gjennom eit tredje ledd - telefonen med dårleg dekning. Framsyninga peiker på kor avgjerande det er for eksistensen vår at me snakkar ope saman som menneske.
*
Sopran: Marianne Folkestad Jahren
Pianist: Kristian Evjen
Regissør: Helga Guren
Scenografi, lys og kostyme Phillip Isaksen
Produsent: Kristin Steinsbø Vestergaard
Arrangør: Opera Rogaland og Tou
Foto: Marie Von Krogh
*
Francis Poulenc (1899-1963) var ein fransk komponist og pianist, kjend for evna si til å blande det alvorlege med det lette og humoristiske. Han var ein del av ei komponistgruppe som ønskte å lage musikk som var enklare og meir tilgjengeleg enn romantikken og impresjonismen sine store verk. Poulenc skreiv i mange sjangrar, inkludert opera, kammermusikk, orkesterverk og songar. Poulenc sin musikk er elska for sin skjønnheit, enkelheit og sterke kjensler.

← Tilbake til program