Gorrlaus

Gorrlaus laurdag 24.05.25

 

Stad: Tou loftet

Dørene opnar: kl. 18.30

Konsert startar: kl. 19.00

 

Ingrid Lingaas Fossum: langeleik

+

Khaled Habeeb: oud

Astrid Garmo: fele og hardingfele

 

I 2024 fylte den eldste daterte langeleiken i Noreg 500 år. Ingrid Lingaas Fossum feira dette med å lage ei utruleg interessant plate med dokumentasjon av 12 eldre langeleikar og gav dermed resten av verda moglegheita til å høyre kordan det kan ha låte i gamle dager, før langeleikan blei "nota upp etter orgel". Denne kvelden kjem Fossum til å spela utdrag frå plata, i tillegg til materiale som er knytt til Rogaland. Me kjem til å få høyre spel på ulike langeleikar med ulik tonalitet, som representerer tida og menneska Fossum fortel om. Me får høyre om sentrale utøvarar gjennom langeleikhistoria, som har vore med på å gje henne dei verdiane ho har som musikar i dag. Fossum er ein av dei framste langeleikutøvarane me har i Noreg.

 

Den Stavanger baserte oudspelaren, Khaled Habeeb, står bak endå eit særs spennande prosjekt. På utgjevinga "spor fra nord" kombinerer han arabiske og norske musikk tradisjonar og resultatet er slåande! Habeeb kom frå Syria til Stavanger i 2015 og har brukt mykje tid på å sette seg inn i folkemusikken frå Rogaland. Han har vore på folkemusikk arkivet i Suldal og studert arkivopptak og laga sine eigne tolkningar av tradisjonsmateriale på det arabiske strengeinstrumentet, Oud. Med seg på hardingfele og flatfele har han sjølvsaste Astrid Garmo frå Gudbrandsdalen. Garmo kom sjølv med ei utruleg flott utgjeving i 2024, med slåttar etter bestefar sin, Sjugurd Garmo. Ho er dessutan multi-instrumentalist som er aktive i fleire andre band i hovudstaden, som til dømes det eksentriske folkpunk bandet Pumpegris!


Etter konserten blir det ópe dansegulv, og fare for Rogalandsmusikk på både oud og langeleik!

 

Fuglen arrangerer i tillegg kurs i Valdresspringar tidlegare på dagen. Lenke til kurs:


← Tilbake til program