Nybrottfestivalen 25
Sofia Borgeser ein portugisisk musikar og komponist med si kjerneverksemd i Berlin. Ho kjem til Tou for å arbeida med lokale musikarar, og me får høyra urframføring av verket "Signs of Fire".
Besetninga er:
Sofia Borges - Slagverk
Maja Persson - Saksofon
Agnes Viksten - Saksofon
Frode Gjerstad - Saksofon
Papole Khaki - Trombone
Torbjørn Säll - Piano
Aleksander Bøhler - bass
Jonas Sundal - Gitar
Weston Olencki er ein musikar og komponist frå Søndre-Carolina i USA, busatt i Berlin. I tillegg til å vær ein framifrå trombonist, driv han med preparert banjo - klangane som kjem frå den amerikanske utgåva av det Vest-Afrikanske instrumentet, er ulikt all anna instrumentering. Olencki sin metode for banjo-spel kan skildrast som ekstrem. På søndagen opptrer han saman med Insimul då dei skal spela (blant anna) hans musikk.
Lasse Marhaug og Nils Henrik Asheim er to av dei beste musikarane og komponistane i moderne tid i Noreg. Ein omnipotent duo der me får høyra Marhaug på kva enn instrumenter han har med seg og Asheim på orgel.
Bankvelv er duoen med Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang. Opphavleg kjem dei frå kvar sin bakgrunn; jazz/impro og folkemusikk. Dei har jobba med å spela repertoar frå vestlandet, og legg vinn på å framføra det medan dei diktar fritt oppå og attmed - i dansetakt.