ALEXANDER & BEATE I PARTERAPI av Eili Harboe

Ein moderne parterapeut sitt forsøk på å forstå kommunikasjon i parforhold frå ein annan tid.

ALEXANDER & BEATE I PARTERAPI er ein framsyning som sett eit utval av Alexander Kielland sine brev og litteratur i ein moderne kontekst.

Ein parterapeut frå vår samtid anno 2024 prøver å forstå Alexander og hans kone Beate gjennom dialog og kunstterapi. Med stort pågangsmot og delvis klønete engasjement fisker parterapeuten frem betrakninger og tankar hos paret som dei tidlegare ikkje har tore å gå inn i.

I forbindelse med 175-årsjubileet av Alexander Kielland er ALEXANDER & BEATE I PARTERAPI eit forsøk på å tilgjengeleggjere Alexander Kielland som person og litterært unikum med vårt språk og vår forståing.


*

Dramatiker: Eili Harboe
Instruktør: Eili Harboe
Medskapande skodespelarar: Joakim Guldberg Fugelli, Malin Landa og Khalid Mahamoud
Kostymedesign og scenografi: Annette Gellein
Grafisk design: Embla Eide Robertson
Co-produksjon: Tou, Kiellandsenteret
Støttet av: Rogaland fylkeskommune, Bergesenstiftelsen

Varighet: 60 min

← Tilbake til program