Gorrlaus
Gorrlaus laurdag 15.03.25
Stad: Tou loftet
Dørene opnar: kl. 18.30
Konsert startar: kl. 19.00
SLEPPFEST!
Malmin med Åshild Vetrhus
Olav Christer Rossebø: hardingfele, flatfele, mikrotonal mandolin
Anders Sundsteigen Hana: mikrotonal gitar, munnharpe og langeleik
Åshild Vetrhus: song
Denne kvelden markerer starten på nytt plateselskap for folkemusikk og slepp av Malmin sin andre fullengdar. Fokus for kvelden blir folkemusikk og folkedans frå Rogaland!
Malmin namnet har dei henta frå Bjerkreim, eit av dei to hovudtradisjonsområda i Rogaland. Olav Christer Rossebø (Lady Hardanger, Frøkedal og familien og Bergen Mandolin band) og Anders Sundsteigen Hana (Naaljos Ljom/The End) har framleis godt grep om spadene og grev seg stadig djupare ner i folkemusikkarkivet på Sand. Med seg på den nye plata og på sleppturné har dei kvedar, Åshild Vetrhus frå Suldal. Ho er kjend frå trioen Tindra, julesalmeprosjektet «Frå høge himmel» og «Hjem jeg lenges» med Andreas Ulvo og Solbjørg Tveiten. Som duo hadde Malmin hovudfokus på dansemusikken. Med Åshild på laget, har den musikalske horisonten blitt utvida og omfattar no i tillegg den religiøse musikken, spesielt i frå Ryfylke. Trioen har jobba mykje med gamle opptak og prøvar på denne konserten å mana fram den gamle tonekjensla.
Første sett kjem til å dreia seg om dei religiøse folketonane og andre sett kjem til å vera eit dansesett med ope dansegolv. Fuglen arrangerer i tillegg dansekurs tidlegare på dagen med fokus på Suldalsspringaren.
Påmelding til kurs her: lenke